Er du sjukepleiar og engasjert i eldreomsorg?

Osterøy kommune

  • Osterøy, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 1 måned siden
Er du sjukepleiar og engasjert i eldreomsorg?Me søkjer sjukepleiar i 100% fast stilling i sjukepleiarteam med langvakterOm stillingaOsterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelt på sju grupper, der tre grupper er for personar med demens, tre grupper er for somatiske pasienter og den siste gruppa er ei kortidsgruppe. Sjukeheimen har eiga natteneste som også har ansvar for heimebuande. Stillinga er i sjukepleiarteam som dekkar heile OsterøytunetKven søkjer vi etter?Vi søkjer etter deg som trives i lag med eldre! Du som er engasjert, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevne. Du må like å ha ansvar, men bør også like å spele kollegaene dine gode. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar, deira pårørande og dine kollegaer. Om du er sjukepleiar med eit godt humør og ei positiv innstilling er du langt på veg!Høyres dette ut som deg - eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss!Vi tilbyr degArbeidsoppgåverArbeid i sjukepleiarteam med fokus på sjukepleiaroppgaver: oppfølging av legevisitt, legemiddelhåndtering, sårstell, blodprøver, palliativ pleie/behandling og andre prosedyrerSjukepleierteamet dekker heile Osterøytunet: somatisk avdelig, dement avdeling og korttidsavdelingKvar sjukepleiar har primæransvar for ein avdeling med hovedansvar for fagleg oppfølging av pasientene og pårørendeDokumentasjon i journalsystemet ProfilTverrfagleg samarbeid med helsefagarbeidere, lege og ergo/fysio avdelingaKvalifikasjonarMå ha autorisasjon som sjukepleiarHa evne til å gjere faglege vurderingar og gjennomføre desse og å utvise godt skjønnVera opptatt av kvalitet og å holde deg fagleg oppdatertDu er fleksibel, endringsvillig og løsningsorientertDu må ha gode samarbeidsevnerGode norskkunnskaper - munnleg og skriftlegSøkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk.Å vera personleg eigna vil bli vektlagtOm ossOsterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.Osterøy har også eit vakkert landskap med godt turterreng både sommar og vinter som innbyr til friluftsliv og vakre naturopplevingar.Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ei meiningsfull arbeidskvardag.

Osterøy kommune