Psykiatrisk sjukepleiar

Helse Møre og Romsdal

  • Ålesund, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 20 dager siden
Om stillingaYnskjer du å vere med å utvikle fagfeltet alderspsykiatri saman med oss?
Vi har ledig 85% fast stilling ved alderspsykiatrisk døgnpost for psykiatrisk/geriatrisk sjukepleiar, med f.t todelt turnus og arbeid kvar 3. helg. Oppstart frå snarast.
Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar bli ledige.Alderspsykiatri i Helse Møre og Romsdal er organisert i to alderspsykiatriske seksjonar (APS). Den eine lokalisert ved Hjelset (Molde), og den andre ved sjukehuset i Ålesund. Kvar seksjon består av poliklinikk og døgnpost. Alderspsykiatri Sunnmøre er samlokalisert med øvrig sjukehuspsykiatri.
Det pågår eit spanande arbeid i fagfeltet for å utvikle ein framtidsretta alderspsykiatri. APS Sunnmøre er tverrfagleg samansett av legespesialistar, lege i spesialisering, psykolog, ergoterapeut, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiar, helsefagarbeidar og merkantile ressursar.Ved døgnpost og poliklinikk utgreier og behandlar ein pasientar i målgruppa:
  • Personar med alvorleg psykisk sjukdom med debut etter fylte 65 år.
  • Personar med demenssjukdom og med alvorlege nevropsykiatriske symptom (NPS), der alder er av mindre relevans.
  • Personar med alvorleg psykisk sjukdom frå før fylte 65 år, der somatisk sjukdom eller andre aldersrelaterte årsakar gjer alderspsykiatri tenleg.
Det er godt samarbeid mellom poliklinikk og døgnpost ved seksjonen, samarbeidande instansar i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta.Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til CV.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:22.05.2024Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HFStad:ÅlesundStillingstittel:Psykiatrisk sjukepleiarStillingar:1Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:85Webcruiter-ID:4770105266Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa
  • Delta aktivt i seksjonen si utvikling, følgje kompetansehevingstiltak, halde seg oppdatert på seksjonens rutinar og prosedyrar
  • Ansvarsvakt med dei oppgåver og ansvar det inneber
  • Dokumentasjon - pasientinformasjon
  • Mottak av nye pasientar
Kvalifikasjonar
  • Autorisert sjukepleiar med vidareutdanning i psykiatri eller geriatri
  • Ønskjeleg med relevant erfaring
  • Du må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
  • Personlege eigenskapar og fagleg engasjement vert vektlagt
  • Inneha gode samarbeidsevner og evner til å jobbe sjølvstendig
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Medvirke til godt psykososialt arbeidsmiljø
  • Godt humør
  • Stor arbeidskapasitet/arbeidshelse - fysisk og psykisk eigna til stillinga
  • Relasjonsbyggjar
Vi tilbyr
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Byen vår! Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan óg oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg.Adresse: Ålesund sykehus, 6017 ÅlesundKontaktinformasjonPamela Riise LoeSeksjonsleiarE-post: Pamela.Riise.Loe@helse-mr.noOm arbeidsgivarenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå

Helse Møre og Romsdal