Sjukepleiar 100% fast

Øygarden kommune

  • Fjell, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 13 dager siden
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 40 000 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.Om avdelinga:Fjell sjukeheim ligg sentralt på Straume.Sjukeheimen har 52 pasientar fordelt på somatisk avdeling med 44 pasientar og dementavdelinga med 8 pasientar.Dementavdelinga er rehabilitert, og har velferdsteknologi knytt til alle rom.Vi har sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, lege og musikkterapeut , som alle jobbar saman for å møte pasientane sine behov. Vi har god kollegastøtte og eit godt arbeidsmiljø.Vi treng no ein dyktig og kunnskapsrik sjukepleiar i teamet vårt. Vi håper at du er den rette sjukepleiaren og ønskjer deg velkomen til å søkje på stillinga.Pasientane på dementavdelinga har langtidsplass. Alle med ulike behov, og vi har fokus på individuell tilpassa oppfølging og tenester, med utgangspunkt i pasientens mål og ressursar. Dette gjer grunnlag for ulike utfordringar, kor du som sjukepleiar får bruke din kompetanse! Vi ønskjer sjukepleiarar som legg vekt på å ha en individuelt tilrettelagt pasientbehandling gjennom observasjon, sjølvstendige vurderingar, planlegging og utføring av tiltak.Vi har eit godt fagmiljø og jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre vårt arbeid, og vi ønskjer engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert og effektivt og gjerne kjem med innspel til endring. Vi har god takhøgde i organisasjonen. Vi har eit ønskje om - og vi jobbar målretta mot dette - å få sjukepleiarane i sjukepleiarteam.Ta gjerne kontakt på telefon til avdelingsleiar eller einingsleiar om du har spørsmål om stillinga.Kvalifikasjonar:Må ha: Autorisert sjukepleiarØnskjeleg med: Erfaring frå sjukeheimKven er du?Du verdset gode kollegaer og det å jobbe saman som eit lagDu er løysingsorientert, initiativrik, evner å planlegge og gjennomføreStrukturert, nøye og effektivEngasjertDu kan bidra positivt inn i arbeidsmiljøetEvner å jobbe sjølvstendigØnskjer å jobbe med eldre menneskjerArbeidsoppgåver:Tverrfagleg samarbeid med andre faggrupperSjukepleiefaglege oppgåverBlodprøvetaking og anna medisinsk utstyrRettleiing til pasientar, pårørande, kollega og studenterAdministrasjon - tiltaksplaner, prosedyrer, rapportering m.m.Vi tilbyr:Gode pensjons- og forsikringsordningarIA bedriftMotiverte og kunnskapsrike kollegaerInteressante utfordringarHøve til fagleg og personleg utviklingMogleg med langvaktsturnus eller tilpassa turnusSjukepleieteam (er eit satsingsområde for Fjell sjukeheim)Sjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.Gratis parkering i parkeringshusStartlånKontakt: Einigsleiar: Eivind Flem Tlf: 55 09 74 13 / 40 61 13 84Avd.leiar: Maria G Furenes 55 09 74 03 / 480 39 223Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkjarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å førast opp på søkjarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Øygarden kommune

Lignende stillinger

  • Sjuke-/vernepleiar 100 % fast

    Øygarden kommune

    • Straume, Vestland
    Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 400 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med komm…
    • 6 dager siden
  • Sjukepleiar 60% fast

    Øygarden kommune

    • Straume, Vestland
    Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 400 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med komm…
    • 4 timer siden
  • Helsefagarbeidar, 60% fast natt

    Øygarden kommune

    • Straume, Vestland
    Om avdelinga: Heimetenesta i Øygarden kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske soner. Som helsefagarbeidar i heimetenesta vil ein jobb…
    • 10 dager siden