Ferievikarar

Ålesund kommune

  • Ålesund, Møre og Romsdal
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 26 dager siden
Vi treng fleire dyktige og motiverte medarbeidarar, og kanskje du er ein av desse?I siste del av juni, juli og august treng vi fleire til å gje praktisk bistand og utføre pleie- og omsorgsarbeid i heimetenestene Åse-Blindheim.
Vi ønskjer difor å kome i kontakt med deg som kanskje er under utdanning, eller som har lyst til å bli kjend med eit nytt yrke.
Vi treng sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar og assistentar.
Har du inga erfaring frå slikt arbeid, så kan vi gje deg god opplæring!Fortløpande tilsetting.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:31.05.2024Arbeidsgivar:Ålesund kommuneStad:ÅlesundStillingstittel:FerievikararStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4742447617Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Pleie og omsorgsoppgåver i heimen
Kvalifikasjonar
  • Søkar må vere fylt 18 år.
  • Søkarar må kunne jobbe i hele juli månad.
  • Det krevst norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
  • Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
  • Positiv og løysingsorientert.
  • Evner til å arbeide sjølvstendig.
  • God til å samarbeide med andre.
Vi tilbyr
  • Studentar med helse- og sosialfagleg høgare utdanning som har avslutta 4. semester blir tilsett som assistent men løna som fagarbeidar.
  • Ferdig utdanna sjukepleiarar og vernepleiarar kan få ein bonus på kr 10 000,-. Kriteria er at ein etter avtale med leiar må arbeide til saman 6 veker sommarvikar i 100 % stilling i perioden veke 25 - 34 i 2024. Opplæringsvakter kjem i tillegg. Gjeld sjukepleiar- og vernepleiarstillingar i aktiv pleie innan kommunalområde Helse og omsorg og Velferd og sysselsetting. Bonusordninga gjeld for reelt utført arbeid, i praksis betyr dette at bonusen vert avkorta eller fell vekk ved sjukefråvær eller anna fråvær. Dei som ønskjer slik bonusordning må opplyse om det i søknaden.
Adresse: Skarpetegvegen 4, 6012 Ålesund, NorgeKontaktinformasjonCamilla Synnes NygårdAvdelingsleiar Spjelkavik AustE-post: camilla.synnes.nygard@alesund.kommune.noRagnhild OpsalAvdelingsleiar Åse og LerstadE-post: ragnhild.opsal@alesund.kommune.noIna Helene LiasetAvdelingsleiar tiltak barn og NattpatruljeE-post: ina.helene.liaset@alesund.kommune.noAn Magrit HovdenAvdelingsleiar BlindheimE-post: an.magrit.hovden@alesund.kommune.noMonica UlstadVerksemdsleiarE-post: monica.ulstad@alesund.kommune.noOm arbeidsgivarenÅlesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Ålesund kommune