Styrar i Austefjord barnehage

Volda kommune

  • Volda, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 14 dager siden
Om stillingaVed Austefjord barnehage er det frå 01.08.2024 ledig fast stilling som styrar. Stillinga er todelt; 60 % administrasjon og 40 % i avdeling som barnehagelærar. Barnehagen har i tillegg SFO-tilbod til barn som bur i Austefjorden. Barnehagen har eit flott uteområde og med gangavstand til mange turmål. Barnehageåret 2024 -2025 er det 24 barn.Barnehagen er ein av i alt åtte kommunale barnehagar. Volda kommune sine barnehagar skal støtte barn si lærelyst og bidra til eit godt grunnlag for livslang læring, og i samarbeid med føresette gi barna ein trygg og god start på sitt utdanningsløp. Vi er opptatt av å skape gode relasjonar som ein føresetnad for å sikre barn eit trygt og godt læringsmiljø. Vi arbeider systematisk og målretta med arbeidsmiljøet i barnehagen.Styrarane har barnehage- og driftsmøte kvar månad. Volda samarbeider og i høve leiaropplæring med andre kommunar på Søre-Sunnmøre.Saman med barnevern, helsestasjon, skule, kulturskule og vaksenopplæring er barnehagedrifta ein del av sektor oppvekst. Vi arbeider målretta for å oppfylle sektoren sin visjon: Volda kommune har trygge born, unge og vaksne som deltek, meistrar og lærer. For å kunne strekke oss mot visjonen treng vi trygge, tilgjengelege og kompetente tilsette. I alt vårt arbeid mellom barn og unge skal vi arbeide førebyggande for å fremje godt psykososialt miljø, ha ein helsefremjande funksjon og bidra til å jamne ut sosiale skilnader. Alle barn, unge og vaksne skal oppleve tryggleik, sosialt tilhøyr og ha like mogelegheiter til å utvikle evnene sine.Vi søkjer ein leiar som både kan og vil identifisere seg med, og slutte seg til Volda kommune sine verdiar:RAUS - MODIG - KOMPETENT - LÆRANDEAvdelingsleiar barnehage er næraste leiar.Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju. Det er avsett tid til intervju onsdag 29. mai og torsdag 30. mai. Referansar blir kontakta etter intervju.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:26.05.2024Arbeidsgivar:Volda kommuneStad:VoldaStillingstittel:Styrar i Austefjord barnehageStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4807659894Sosial deling :Arbeidsoppgåver- Leie barnehagen etter prinsippet om at barnets beste skal vere førande
- Delegert ansvar for det pedagogiske, personalmessige og administrative arbeidet i barnehagen
- Dagleg ansvar for HMT i barnehagen
- Utøve nærleiing
- Bidra til å vidareutvikle tenestetilbodet i tråd med overordna planar og målsetjingar
- Samhandle med andre, internt og eksternt, slik at vi kan bygge eit trygt og godt lag rundt familien
- Ansvar for at relevante lov- og avtaleverk vert oppfylt
- Legge til rette og bidra til eit godt samarbeid med foreldreKvalifikasjonar- Bachelor som barnehagelærar, eller annan relevant utdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk/småbarnspedagogikk jf. bhg.lova § 24
- Ønskeleg med vidareutdanning innan organisasjon og leiing, eller forplikte deg til å gjennomføre styrarutdanning innan fire år
- Kjennskap til lov, forskrift og avtaleverk som er relevante for barnehagen si verksemd
- Gode IKT-kunnskaparPersonlege eigenskaparStyraren vi søkjer etter:
- er ein god relasjonsbyggar
- har god barnehagefagleg kompetanse og evne til å leie endrings- og utviklingsarbeid i barnehagen
- er strukturert, fleksibel og løysningsorientert
- har evne til å inspirere, involvere og motivere sine medarbeidarar
- har god rettleiingskompetanse
- er sjølvstendig og har gode framdrifts- og gjennomføringsevner
- er kunnskapsorientert og har god innsikt i forsking på barnehagefeltet, og evner å bruke kunnskapen i praksis
- forstår viktigheita av medverknad og samskaping med barn, foreldre, tilsette og nærmiljø for å skape sterke barnefellesskap
- har god munnleg og skriftleg framstillingsevneSaman med kvalifikasjonar vil personlege eigenskapar verte vektlagt.Vi tilbyr- ein arbeidsplass der dei tilsette er engasjerte, ser og oppmuntrar kvarandre
- spennande og utfordrande arbeidsoppgåver. Fagleg utvikling er viktig for oss og for deg, og ein vil legge til rette for eigenutvikling
- erfaringsdeling og god oppfølging
- ein kommune som ser verdien av å arbeide saman i eit godt tverrfagleg miljø for å sikre barn og føresette eit godt tilbod
- løn og arbeidsvilkår etter avtale. Styrar er plassert i kapittel 3.4.2, jf. HTA. Kommunen har god pensjonsordning i KLPKommunen nyttar nynorsk som målform. CV må fyllast ut i søknaden.Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Utanlandske borgarar må legge fram dokumentasjon på lovleg opphald og arbeidsløyve i Noreg. Den som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest, jfr barnehagelova § 30.Om offentlege søkjarliste: I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, skal grunngje dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og gjere ei konkret vurdering av søkjar sitt ønskje om fritak, opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meiner at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkarliste vert laga.Det er prøvetid er 6 mnd.Adresse: Stormyra 2, 6100 Volda, NorgeKontaktinformasjonBodil BrautasetAvdelingsleiar barnehageE-post: bodil.brautaset@volda.kommune.noOm arbeidsgivarenVolda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.Ta gjerne ein tur innom for å bli betre kjent med oss!

Volda kommune

Lignende stillinger

  • Styrar i Austefjord barnehage

    Volda kommune

    • Volda, Møre og Romsdal
    Ved Austefjord barnehage er det frå 01.08.2024 ledig fast stilling som styrar. Stillinga er todelt; 60 % administrasjon og 40 % i avdeling som barnehagelærar. Barnehagen har i till…
    • 14 dager siden
  • Styrar i Folkestad barnehage

    Volda kommune

    • Volda, Møre og Romsdal
    Ved Folkestad barnehage er det frå 01.08.2024 ledig fast stilling som styrar. Stillinga er todelt; 50 % administrasjon og 50 % i avdeling som barnehagelærar. Barnehagen ligg i na…
    • 14 dager siden