Operatør Elektrostål

Ulstein Elektro Installasjon AS

  • Ulsteinvik, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 1 måned siden
Om stillingaVil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team?
Ulstein Elektro Installasjon, som er eitt av selskapa i skipsbyggingsdivisjonen i Ulstein Group, er inne i ei spennande fase med fleire kontraktar på både nybygg og ettermarknadsoppdrag. Vi gler oss over ein langsiktig og stabil horisont med mykje aktivitet, og treng difor fleire tilsette i teamet vårt.Vi er på jakt etter deg med interesse for skipsbygging og skipsoppgradering. Hos oss vert du utfordra gjennom spennande oppgåver, og vi lærer av kvarandre for at jobben vi gjer skal bli best mogleg. Intervju vil bli gjennomført fortløpande.Korleis er det å jobbe i Ulstein Elektro Installasjon?
Det å jobbe på eit skipsverft er sosialt og lærerikt. Arbeidsdagen er prega av spennande og utfordrande oppgåver som skal løysast, og du vil jobbe i lag med mange dyktige kollegaer. Vi har gode produksjonsfasilitetar og det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunden med kvalitet, pålitelegheit og leveringspresisjon.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:31.05.2024Arbeidsgivar:Ulstein Elektro Installasjon ASStad:ULSTEINVIKStillingstittel:Operatør ElektrostålStillingar:3Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4801591328Sosial deling :Oppgåver du vil jobbe medArbeidsoppgåvene er varierte, og kan blant anna innebere:
  • Montering og sveising av ulike kabelgater og gjennomføringar
  • Bygging, sveising og montering av fundament
  • Inntransport av større elektrokomponentar
  • Vere behjelpeleg med diverse elektroarbeid som t.d. kabeltrekking
Kunnskap og erfaring som gjer jobben lettareDet er ønskeleg med relevant fagbrev, t.d. som industrimekanikar eller platearbeidar.Oppgåvene som skal løysast krev praktisk og teknisk forståing. Det er derfor nyttig med erfaring frå skipsbygging og maritim verksemd. Det vil også vere nødvendig å kunne kommunisere på norsk og/eller engelsk slik at vi kan diskutere og løyse oppgåvene våre.Lagånda står sterkt i Ulstein og saman skal vi hjelpe kvarandre og kundane våre, og gjere Ulstein til ein trygg og kjekk arbeidsplass. Med godt humør og vilje til å bidra vil du passe godt inn hos oss.Kvifor velje Ulstein som arbeidsplassUlsten Elektro Installasjon byr på variert jobb, gode kollegaer og moglegheit for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar og fleksitidsavtale for våre tilsette.I hjartet av SunnmøreOm du treng å flytte for å jobbe i Ulstein, så er Ulsteinvik ein flott plass å bu i hjartet av Sunnmøre. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Omkransa av fjell og turterreng til fots, på sykkel eller ski. Og berre ein liten times reise til bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i SunnmørsalpaneAdresse: Osnesvegen 110, 6065 ULSTEINVIK, NorgeKontaktinformasjonAtle MoldskredDepartment Manager ProductionE-post: atle.moldskred@ulstein.comDagbjørn MyklebustHead of AdministrationOm arbeidsgivarenULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har 360 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.Ulstein Elektro Installasjon er ansvarleg for elektrisk installasjonsarbeid om bord i fartøy ved Ulstein Verft. Selskapet er, saman med Ulstein Verft, ein del av forretningsområdet Shipbuilding, som held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon. Selskapa bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi, i tillegg til å utføre ettermarknadstenester.

Ulstein Elektro Installasjon AS

Lignende stillinger

  • Operatør Vedlikehald

    Ulstein Verft AS

    • Ulsteinvik, Møre og Romsdal
    Om stillinga Vil du jobbe i skipsindustrien? I Ulstein Verft gler vi oss over ein langsiktig horisont med mykje aktivitet, både på nybygg og på ettermarknadsoppdrag. Vi treng d…
    • 10 timer siden
  • Operatør Vedlikehald

    Ulstein Verft AS

    • Ulsteinvik, Møre og Romsdal
    Vil du jobbe i skipsindustrien? I Ulstein Verft gler vi oss over ein langsiktig horisont med mykje aktivitet, både på nybygg og på ettermarknadsoppdrag. Vi treng difor fleire i t…
    • 18 timer siden
  • Operatør Vedlikehald

    Ulstein Verft AS

    • Ulsteinvik, Møre og Romsdal
    Vil du jobbe i skipsindustrien? I Ulstein Verft gler vi oss over ein langsiktig horisont med mykje aktivitet, både på nybygg og på ettermarknadsoppdrag. Vi treng difor fleire i t…
    • 18 timer siden