Rådgivar - vikariat i eitt år

Helse Vest RHF

  • Stavanger, Rogaland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 13 dager siden
Om stillingaDet er mange spennande, interessante og varierte utfordringar knytt til planlegging og oppfølging av spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Vi har ledig vikariat i eitt år som rådgivar i helsefagavdelinga med ulike saksbehandlaroppgåver og prosjektarbeid. Arbeidet omfattar både regionalt arbeid og prosjekt/utgreiingar i samarbeid med dei andre helseregionane. Arbeidet vil primært vere knytt til dei somatiske fagfelta. Dette er ei spennande moglegheit i eit framtidsretta og innovativt regionalt helseføretak - er dette noko for deg?Stillinga er plassert i Fagavdelinga i Helse Vest RHF.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:31.05.2024Arbeidsgivar:Helse Vest RHFStad:StavangerStillingstittel:Rådgivar - vikariat i eitt årStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:VikariatStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4812919377Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Ulike oppgåver knytt til saksutgreiing og prosjektarbeid i avdelinga
  • Bidra i arbeid med oppfølging av oppdragsdokument og styringsdokument
  • Prosjektstøtte
  • Sekretariatsfunksjonar
Kvalifikasjonar
  • Høgare, relevant utdanning. Lang og relevant erfaring vil kunne kompensere for manglande høgare utdanning.
  • Erfaring frå offentleg verksemd, helseføretak eller andre relevante organisasjonar.
  • Erfaring med prosjektarbeid og saksutgreiing.
  • Erfaring med samarbeid på tvers av fagområde.
  • God digital kompetanse.
  • Svært god skriftleg framstillingsevne.
  • Må beherske nynorsk skriftleg.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Personlege eigenskapar
  • Positiv og fleksibel
  • Like høgt tempo og varierte oppgåver
  • Klar for stadig nye utfordringar
  • Gode samarbeidsevner og evne til å jobbe sjølvstendig
Vi tilbyr
  • Trivleg arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning og moglegheit for lån i KLP
  • Løn etter avtale
  • Høgt fagleg nivå
  • Fleksibel arbeidstid
MangfaldserklæringFøretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.Adresse: Knud Holms gate 8, 4005 Stavanger, NorgeKontaktinformasjonBjørn Egil ViksefagdirektørGjertrud JacobsenfaglederOm arbeidsgivarenDet regionale helseføretaket Helse Vest har det overordna ansvaret for sjukehusa i Rogaland og Vestland. Oppdraget vårt er å sørgje for at kring 1,1 million innbyggjarar i regionen får dei sjukehustenestene dei har krav på. Saman med sjukehusa våre er vi ei av dei største verksemdene på Vestlandet. I overkant av 30 000 medarbeidarar gir spesialiserte helsetenester innanfor fysisk helse, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking. Vi er om lag 75 medarbeidarar i Helse Vest RHF, og driftsbudsjettet er på om lag 36,5 milliardar kroner. I dag har vi kontor på Forus, mellom Stavanger og Sandnes. Vi flytter til heilt nye og sentrale lokale i Stavanger sentrum i 2024.

Helse Vest RHF

Lignende stillinger

  • Fagarbeider- vikariat på dagaktivitetssenter

    Stavanger kommune

    • Stavanger, Rogaland
    Om stillingen Dagsenter og avlastning er en bydekkende virksomhet i Stavanger kommune. Virksomheten består av seksjon dagtilbud, seksjon bolig, seksjon avlastning, samt bydekkend…
    • 21 dager siden
  • Helsefagarbeider vikariat natt

    Helse Stavanger

    • Stavanger, Rogaland
    Om stillingen Klinikk for psykisk helsevern voksne yter spesialiserte tjenester for befolkningen i Sør-Rogaland. Klinikken består av de ulike DPS, avdeling for akuttpsykiatri, al…
    • 15 dager siden
  • Laboratorieingeniør - Vikariat

    Eurofins

    • Stavanger, Rogaland
    Beskrivelse av bedriften Eurofins' laboratorier i Norge utfører laboratorieanalyser og konsulenttjenester for å sikre at maten vi spiser, vannet vi drikker og miljøet vi omgir os…
    • 16 dager siden