Bid Manager

Ulstein Power & Control AS

  • Ulsteinvik, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 1 måned siden
Om stillingaØnsker du å bli ein del av eit dyktig og engasjert team?Ulstein Power & Control arbeider med fleire innovative grøne løysingar og system innan Power og Automasjon. Vi har ein langsiktig horisont med fleire signerte kontraktar på både nybygg og ettermarknadsoppdrag, og gler oss over mykje aktivitet.
Vi er på jakt etter ein Bid Manager som ønskjer å bidra til å vidareutvikle salsavdelinga i selskapet, og være ein del av eit framoverlent og dyktig team. Stillinga rapportera til Sales Manager.Ulstein Power & Control har hovudkontor i Ulsteinvik, og kontor ved Moa i Ålesund.Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpandeNøkkelinformasjonSøknadsfrist:30.04.2024Arbeidsgivar:Ulstein Power & Control ASStad:UlsteinvikStillingstittel:Bid ManagerStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4767754068Sosial deling :Ansvar og arbeidsoppgåverSom Bid Manager vil du få ansvar for å leie og organisere kalkulasjonsarbeidet. Stillinga har ein viktig funksjon i selskapet, der du vil ha direkte kontakt med eksterne kundar og leverandørar. I salsfasen er du bindeleddet mellom sals-, teknisk- og juridiskavdeling, og du vert ein aktiv medspelar i arbeidet med utviklinga av framtidig produktportefølje.Andre relevante arbeidsoppgåver er å- utarbeide kalkylar og kvalitetssikre kostnader gjennom salsprosessen
- utarbeide salsdokumentasjon og kontraktsforslag
- delta i forhandlingar med kundar og leverandørar
- foreta "handover" til organisasjonen etter kontraktsigneringØnska kvalifikasjonar og personlege eigenskaparVi ønskjer å komme i kontakt med deg som har erfaring med sal og gjerne har utdanning innan elektro. Du har god forståing og interesse for elektrosystem for skip, og brenn for kontinuerlig forbetring og for å finne dei gode løysingane.Vidare ser vi for oss at du
- ser etter moglegheiter for forbetring av eksisterande prosessar og rutinar
- er resultatorientert og trivast med lagarbeid for å nå felles mål
- er strukturert, framoverlent og nysgjerrigKvifor velje Ulstein som arbeidsplass- Interessante, utfordrande og utviklande oppgåver i eit internasjonalt konsern.
- Eit fagmiljø som vektlegg personleg utvikling, sjølvstende og trivsel.
- Konkurransedyktige lønnsvilkår, ordna arbeidsforhold, god pensjons- og forsikringsordningar.Arbeidsstad vil vera ved kontoret vårt i Ulsteinvik. Vi tilbyr god fleksibilitet og har også eit kontor i Breivika, Ålesund, som kan nyttast.I hjartet av SunnmøreUlsteinvik er ein flott plass i hjartet av Sunnmøre. Omkransa av holmar, skjer og hav med moglegheit for padling, surfing og fisking og i tillegg fjell og turterreng til fots, på sykkel eller ski.Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, sandstrender, klivrehall, restaurantar og butikkar. Og berre ein liten times reise til bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i Sunnmørsalpane.For meir informasjon, ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved rådgiverneAdresse: Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik, NorgeKontaktinformasjonMarita Stakkestad HanstveitRekrutteringspartner HAMNØY ASJan Tore Hamnøy,Rekrutteringsparner HAMNØY ASOm arbeidsgivarenULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.Ulstein Power & Control AS tilbyr service og ombygging av kraftpakkar og marine automasjonssystem. Selskapet er ein del av forretningsområdet Design & Solutions, som tilbyr design og løysingar for offshoreenergimarknaden (vind, olje og gass), ekspedisjonscruise og fiskeri.

Ulstein Power & Control AS

Lignende stillinger

  • Project & Engineering Manager

    Ulstein Power & Control AS

    • Ulsteinvik, Møre og Romsdal
    Om stillinga Ulstein Power & Control er Ulstein Group sitt systemintegrasjons- og serviceselskap, og leverer avanserte maritime kraft- og automasjonssystem til kundar i inn- og u…
    • 1 måned siden
  • Jets søker Strategy and Business Development Manager

    Jets

    • Hareid, Møre og Romsdal
    Om stillingen Jets® er i sterk vekst. Vi satser offensivt på fremtiden, både ved å utvikle nye områder og markeder, og ved å forbedre eksisterende produkter og løsninger. Nå sø…
    • 1 måned siden