Bioingeniør til fast stilling

Helse Bergen

  • Bergen, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 24 dager siden
Om stillingaAvdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er det største laboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus og har om lag 360 tilsette. Avdelinga har 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar, tre legegruppar (Medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og Klinisk farmakologi), i tillegg til NAPOS, NOKLUS Vest, RELIS og SOReg.Avdelinga utfører ei rekke analysar innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi og har moderne analyseinstrument. I tillegg til omfattande rutinedrift blir det drive forsking og utviklingsarbeid. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.Vi søker deg som er ein lagspelar, som likar deg i eit aktivt miljø og som ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Tillit, ansvar og sjølvstende er viktig for oss. Bioingeniørar som får autorisasjon til sommaren oppfordrast også til å søke.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:16.06.2024Arbeidsgivar:Helse BergenStad:BergenStillingstittel:BioingeniørStillingar:4Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4811397628Startdato:03.06.2024Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Dei som blir tilsett må pårekne å utføre både analytiske og preanalytiske oppgåver
  • Blodprøvetaking
  • Bioingeniørar i grunnstilling må delta i vaktturnus. Bioingeniørar ved Hormonlaboratoriet arbeider dagtid
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg på eit nivå som gjer deg i stand til å utføre aktuelle arbeidsoppgåver og kommunisere med kollegaer i arbeidssituasjonen
  • Personlege eigenskaper vil bli lagt vekt på
Personlege eigenskapar
  • Må kunne arbeide både i team og sjølvstendig og effektivt organisere eigen arbeidsdag
  • Positiv, hjelpsam, løysingsorientert og målretta
  • Viser fagleg tryggheit, tillit og respekt
  • Punktleg, påliteleg og ansvarsbevisst
  • Kan arbeide systematisk i stressande situasjonar
  • Trivast i eit dynamisk arbeidsmiljø
  • Engasjement for fagfeltet og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
Vi tilbyr
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst i Helse Bergen
  • Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Fagleg og personleg utvikling
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.Adresse: Haukelandsbakken 49, 5009 Bergen, NorgeKontaktinformasjonAnne Grete AuneSeksjonsleiar personal/driftE-post: anne.grete.aune@helse-bergen.noIngunn BørøSjefbioingeniørE-post: ingunn.boro@helse-bergen.noOm arbeidsgivarenHelse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Helse Bergen

Lignende stillinger

  • Bioingeniør/ingeniør

    Bergen kommune

    • Fyllingsdalen, Bergen
    Om stillingen Bergen Vann har som mål å gi rent vann til folk og fjord. Vi ønsker blant annet ingen alvorlige avvik i vannkvaliteten vi tilbyr våre innbyggere. For å oppnå dette,…
    • 15 dager siden