Spanande jobb i H2 Hardanger

H2 Hardanger AS

  • Norheimsund, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 16 dager siden
Prosjekt- og/ eller byggjeleiarLedig inntil 2 stk faste stillingar som prosjekt- og/ eller byggjeleiar.Om stillingaH2 Hardanger har god vekst og over tid hatt god ordretilgang som dannar solid grunnlag for 100 % faste stilling som prosjekt- og/ eller byggjeleiar. Stillinga inngår i gruppe for prosjektadministrasjon, og du vil bli ein del av eit solid team samansett av prosjekt- og byggjeleiarar.I nokre prosjekt vil stillinga vere knytt til byggherre sin organisasjon gjennom konsulentoppdrag. I andre prosjekt vil den vere knytt til entreprenørsida som representant for Fuglafjell AS (FF). FF er ein totalentreprenør samansett av bedriftene H2 Hardanger, Tecno VVS og Johs Øvsthus AS.Aktuelle kontorstader er Norheimsund, Voss og Bergen.Arbeidsoppgåver
  • Vere bindeledd mellom utførelse på byggeplass og byggherre
  • Framdriftsplanlegging og -koordinering
  • HMS arbeider og kvalitetskontroll på byggjeplass
  • Bistå i å utarbeide SHA-plan, HMS-plan, kvalitetsplan og evt. konkurransegrunnlag
  • Organisere, gjennomføre og referere framdriftsmøter, byggjemøter, byggherremøter m.m
  • Avhengig av kompetanse og interessefelt kan også roller som prosjekterande, prosjekteringsleiar, prosjekteringsgruppeleiar og KP/KU/BHR vere aktuelle
KompetansekravFortrinnsvis 3-årig utdanning frå høgskule eller universitet innanfor bygg og anlegg. Personar med utdanning frå fagskule eller som har lang erfaring innanfor relevante fagfelt i høve prosjekt- og byggjeleiing kan også vere aktuelle kandidatar.Førarkort kl B, naudsynt IT-kompetanse for oppfølging og rapportering, samt god muntleg og skriftleg framstillingsevne på norsk er ein føresetnad for stillinga.Personlege eigenskaparPersonlege eigenskapar er avgjerande for å lukkast i stillinga, og vil bli tillagt stor vekt. Me vektlegg at du innehar fylgjande eigenskapar:
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Sjølvstendig, løysingsorientert og initiativrik
  • Har god struktur i arbeidet
  • Har erfaring frå bygg- eller prosjektleiing
Kvifor velje H2 HardangerDu vil bli del av ei bedrift med god vekst og høgt aktivitetsnivå. Me har eit uformelt arbeidsmiljø og korte beslutningsvegar. Rette personar vil kunne få stor medverknad på vidare utvikling. Du vil få utfordrande arbeidsoppgåver innafor eit breitt spekter av fagområder, samt moglegheit til vidare utvikling både fagleg og personleg.Me tilbyr også desse goda:
  • Fleksibel arbeidstid og gode ordningar for avspasering
  • Fast ferie mellom jul og nyttår
  • Gode lønsvilkår, forsikring og pensjonsordning
Om bedriftenH2 blei grunnlagt i 2006 som reindyrka ingeniørfirma innan byggeteknikk. Sidan firmaet starta opp har H2 bidratt i langt over 1500 prosjekt.Me er per i dag 15 tilsette.Porteføljen er mangfaldig og inneheld eit vidt spekter av prosjekt: næringsbygg, fleirhusvære, hotell, skular, barnehagar, sjukehus, reinseanlegg, bruer, kraftstasjonar, akvakulturanlegg, kunstinstallasjonar og mykje anna.Dei siste åra har aktiviteten i større grad byrja å famne over andre tenester enn reine RIB-oppgåver. Prosjektadministrasjon har etter kvart blitt ein vel så stor del av kvardagen i H2 Hardanger AS.Etter fisjon i 2019 blei 3 tilsette ved Hardangerkontoret til H2 Byggeteknikk AS overført til H2 Hardanger AS.H2 Hardanger vil halde fram med å levere kvalitet i alle tenester. Me har som mål å vera den beste arbeidsplassen og det leiande ingeniørmiljøet i vår region.Nettsted

H2 Hardanger AS